I Sogn og Fjordane med sine fjordar og fjell kan ein oppleve lokale dekningsproblem for GSM-mobilsignal.

Cel-Fi kan gje betre dekning.

Cel-Fi er ein mobilrepeater som forsterker mobilsignalet i eit mindre område. Fram til hausten 2016 kunne du kjøpe eit 3G-apparatet som forsterka telefonsignalet, kalla 3G-Cel-Fi.

Dette apparatet kunne gje forbetra dekning i eit område på opptil 1000kvm. 

Hausten 2016 stoppa salget av 3G-Cel-Fi. No skal 4G-Cel-Fi overta.

4G-Cel-Fi har mykje større kapasitet og kan ha mykje større dekningsområde.

Pr. april 2017 ligg 4G-Cel-Fi til laboratorietest hos Telenor.

Dersom testane er ok vil apparatet bli tilgjengeleg seinsommar 2017.

 

Nettoperatør:

4G-Cel-Fi vil kun handtere trafikk som går i Telenor sitt mobilnett.

 

Pris:

3G-Cel-Fi anlegg ferdig montert hadde ein pris på ca 20.000,- + mva.

4G-Cel-Fi anlegg ferdig montert vil truleg koste 2 til 3 ganger meir.

Anlegg for "alle" nettleverandørar:

Cel-Fi anlegga ovanfor går kun til Telenor trafikk. Der finnast anlegg som kan overføre både Telenor og Telia trafikk. Dette er eit meir avansert anlegg som har ein høgare pris. Eit slikt anlegg kan koste rundt 300.000,- + mva

Finansiering:

Det er vanleg å lease/leige slike anlegg i ei nedbetalingsordning.

Då betaler ein eit mindre beløp pr månad som nedbetaling, gjerne 60 månader. 

Les meir på Dekningspatruljen si nettside.