Vi får spørsmål frå Competella-agenter om korleis ein kan logge seg på Competella frå heimekontor. Det går dessverre ikkje pr i dag.

 

Løysinga er å opprette ei svargruppe i Telenor Mobilt sentralbord.

Så blir anrop til Competella vidarekobla til denne svargruppa.

Competella-agentane kan logge seg av og på, alt etter kven som er "på vakt".

Av- og pålogging skjer via Telenor app'en for Mobilt Bedriftsnett.

Sjå skjermdump frå mobilskjermen til høgre.

Det er berre kommunale abonnement som kan vere medlem i svargruppa.

Ikkje private mobilabonnement.