Definere Polycom VVX600 Skypetelefon 

​Før VVX600 kan brukast i Skype / Lync må telefonen definerast og nummeret må programmerast.   

 

Først må vi definere telefoen som Lync-telefon.

  1. Start telefonen på vanleg måte

  2. Trykk 1, 4 og 9 samtidig og hold i 5 sekund

  3. Skriv inn standardpassord 456 etterfulgt av "Enter"

  4. Velg "2 Lync"

  5. Telefonen restarter automatisk. 
    Restart kan ta nokre minutt.

Tips:

www.3cx.com/sip-phones/polycom-lync-to-sip/

Deployment guide for Polycom 

 

Programmere nummer 

Etter at telefonen er definert som Lynctelefon kan du programmere telefonnummeret.

  1. Sett nettverkskabelen i telefonen
    (og straumforsyning om du har det.)

  2. La telefonen fullføre oppstart utan innblanding.

  3. Trykk så på teksten "Sign In" nederst

  4. Trykk på sirkelen over PIN.

  5. Skriv inn telefonnummeret etterfulgt av "Next"

  6. Skriv inn passordet 13579 etterfulgt av "Sign In"

  7. Melding om at du er meldt inn i Skype. Trykk "Done"

  8. Velkomsthelsing, telefonen er klar til bruk.

 

Nullstille VVX600 

  1. Trekk ut nettverkskabelen
    (eller straumforsyninga om telefonen har det)

  2. Sett nettverkskabelen tilbake i kontakta.

  3. Teksten "Polycom" kjem tilsyne nokre sekund.

  4. Trykk på teksten "Cancel" som kjem tilsyne.

  5. Innan 7 sekund trykk og hold tastane 1, 3 og 5.

  6. Du får spørsmål om passord. Tast 456  etterfulgt av "OK"

  7. Telefonen blir nullstilt og restarter.

  8. No må du gjenta prosedyra for å definere telefonen som Lync-telefon.