"Ring Samtidig" i Skype for Business (Lync)

I Skype for Business finn vi ein funksjon som heiter "Ring Samtidig".

Med denne funksjonen kan du få parallell ringing på mobiltelefon og Skype-jobbnummer.

I utgangspunktet er dette ein nyttig funksjon, men den må IKKJE brukast. 

Vi har sett mange eksempel på at kommunetilsette brukar funskjonen i kombinasjon med private mobilabonnement, eller andre eksterne telefonnummer.  Eit slikt oppsett er fullt mogeleg, men det kan medføre vesentleg kostnad for kommunen. 

I skrivande stund er prisen ca. 50 øre pr minutt for inngåande samtaler som blir besvart på privat mobil eller andre eksterne telefonnummer.   Det seier seg sjølv at dersom mange i kommunen nytter seg av denne funksjonen vil kostnaden bli betydeleg. 

Kva er alternativet?

Telenor har ei teneste som kallast "OneNumber". Denne tenesta gjer at det ringer i din Skype-telefon og din jobb-mobiltelefon samtidig, du svarer på det apparatet som passer best for deg.

OneNumber har ein STOR fordel samanlikna med "RingSamtidig" i Skype for Business.

Når du ringer ut frå Skype er vanlegvis prisen 50 ører pr minutt, men med OneNumber vil Skypetrafikken bli trekt frå mobilabonnementets inkluderte taletid. 

Med RingSamtidig er det  fare for store ekstrakostnader for kommunen.