Ved bruk av Skype for Business (forkorta SfB) blir all telefontrafikk flytta frå tradisjonelle telefonlinjer over til datalinjer. SfB-kommunikasjon blir overført via same datanettet/datalinjer som datamaskinene er tilkobla. Kommunikasjonen kan skje via telefonapparat/Skypeapparat eller via datamaskin med programvare for SfB.

Skype for Business via datamaskin:

Datamaskina kan som kjent brukast til å lage tekstdokument ved hjelp av programvare som til dømes Word, og vi kan lage tallanalyser eller rekneskap ved hjelp av reknearkprogram som til dømes EXEL,

Ved å bruke SfB-programvare kan vi også bruke datamaskina til å overføre telefonsamtalar, videobilder, tekstmeldingar og presentasjonar ved hjep av skjermdeling. 

SfB via datamaskin er altså ei alt-i-eitt løysing som erstattar fullt ut den tradisjonelle telefonen,

men SfB gjev deg mykje, mykje meir.

Skype for Business bordapparat:

Samtalar kan også overførast via SfB-bordapparat.

Eit slikt bordapparat ser ut som eit vanleg bordapparat

med tastatur og rør. Funksjonalitet og bruk av eit slikt

apparat er i stor grad lik eit vanleg telefonapparat.  

Velje SfB via datamaskin eller bordapparat:

SfB-brukarar som skal ha personleg telefonnummer

skal vanlegvis ha SfB via datamaskin. 

På fellesrom og på stadar der det ikkje er behov for personlege nummer blir det vanlegvis

brukt SfB-bordapparat.