Klikk på ikonet for "Kontakter" (Ring rundt)

Søke etter person

Klikk på søkefeltet (1). Skriv inn namn på personen du søker etter.

Du søker då i SySIKT sitt namneregister med tusenvis av namn og nummer.

I tillegg søker Lync i ditt Outlook-namneregister.

Ta kontakt / koble opp samtale

Når du har funne den personen du søker etter må legge muspeikaren på bildet.

Då får du 5 valg.

  • Klikk på snakkebobla for å sende tekstmelding.

  • Klikk på telefonrøret for å utføre ein telefonsamtale, velg mellom mobil og Skype.

  • Klikk på videokamera for å utføre videosamtale.

  • Klikk på kontaktkort-ikonet for å sjå detaljar om personen.

  • Klikk på "tre prikkar" for å sende e-post til personen, planlegge eit møte, legge person i kontaktregisteret eller få melding ved statusendring.

Kontaktgrupper (2)

Personar og grupper du har ofte kontakt med kan lagrast i kontaktgrupper.

Les om korleis du lagar ny kontaktgruppe.

Les om korleis du legg personar i kontaktgrupper.