Skype for Business (Lync) - Oppgradering til 2016 for Windows 10

Framgangsmåte for oppgradering av Skype for Business til versjon 2016.

Oppgraderinga kan ta opp mot 20 minutt. Etter installeringa blir det utført automatisk omstart av datamaskina, pass på å lagre alle opne dokument.

Startikon-Win10.PNG
Programvaresenter-Win10.PNG
  • Klikk på Windows start-ikonet og skriv "Prog".
     

  • Klikk på "Programvaresenter" øvst i menyen.

     

Programmer-Win10.PNG
installer-Win10.PNG

Programvaresenteret opnar.

  • Klikk på "Programmer".

    Du vil no sjå ei liste over alle tilgjengelege program som kan lastast ned til din PC.

  • Klikk på "Installer Skype for Business"

  • Klikk på "Installer"

    Installasjon av Skype for Business tek vanlegvis 20-30 minutt, men kan ta lenger.


     

Installasjonsstatus-Win10.PNG
Installer_på_nytt-Win10.PNG

​Reinstallasjon.
Av og til oppstår det problem som gjer det naudsynt å reinstallere Skype for Business. Reinstallasjon skjer også frå programvaresenteret:

  • Klikk på Windows startikonet og skriv "Prog"

  • Klikk på "Programvaresenteret"

  • Klikk på  "Installasjonsstatus".

    Du vil no sjå ei liste over program som allereie er installert på din PC.

  • Klikk på "Installer/Reinstaller Skype for Business"

  • Klikk på "Installer på nytt"

    Reinstallasjon av Skype for Business tek vanlegvis 30 minutt, men kan ta lenger.

     

OBS! Datamaskina vil ta omstart etter installering / reinstallering.

Husk å lagre alle opne dokument som er opent på maskina!

Etter omstrarten KAN ikonet for Skype forsvinne frå oppgåvelinja.

Då må du starte Skype manuelt første gang.