I løpet av mai og byrjinga av juni i år skal kommunane i Sogn og Fjordane byte teleoperatør frå Phonero til Telenor.

På denne sida finn generell veiledning, samt «tips og triks» som kan vere nyttige.

Simkort må bytast. Kommunen får tilsendt nye Telenor-simkort. Kvar enkelt avdeling har ansvar for å hente sine simkort, og kvar enkelt mobilbrukar har ansvar for å byte simkort til rett tid. Kvar enkelt simkort er merka med dato og klokkeslett for simkortbyte.

Mobit Førde arrangerer webinar for opplæring i Mobilt Bedriftsnett.

24.05.19, kl 09:00 – Del 1: Mobilt Bedriftsnett App. 

24.05.19, kl 10:00 – Del 2: Mobilt Sentralbord Avansert (PC). (Sjå opptak)

07.06.19, kl 09:00 – Del 1: Mobilt Bedriftsnett App. (Sjå opptak)

07.06.19, kl 10:00 – Del 2: Mobilt Sentralbord Avansert (PC) (Sjå opptak)

Brukarveiledning og videodemonstrasjonar

Brukarveiledning:

   - Mobilt Sentralbord App - Kom i gang

   - Mobilt Sentralbord Avansert (PC)

Video:

ITKOM/Mobit-Førde har utforma videorettleiing. Videorettleiingane er tilgjeneleg på YouTube.

   - Mobilt Bedriftsnett App

     (Sjå https://youtu.be/oOHxyA6AnDo)

     (Sjå https://youtu.be/Bih_rV4QLSE)

   - Video - Mobilt Sentralbord

     (Sjå https://youtu.be/rMdSacTVtPs)

Tryggingsalarmar vil bli portert som eit eige prosjekt seinare. Melding om dette vil komme.

Bank-ID på mobil følger SIM-kort. Derfor må denne tenesta reaktiverast ved byte av operatør. Dette kan ein ofte gjennomføre sjølv i nettbanken. Ta eventuelt kontakt med banken du nyttar for hjelp av oppsett. 

Nytt simkort vil medføre ny PIN-kode. Du kan endre PIN-kode til ein kode du ynskje. Tast som om du skal ringe ut: **04*pinkode*NY-pinkode*Ny-pinkode#

Problem med mottak av MMS og mobildata. Send SMS med kodeord Fiks mms til 1999 for å få tilsendt oppsett for MMS. Skru mobilen av og på etter at oppsettet har blitt lastet ned. Send SMS med kodeord Fiks internett til 1999 for å få tilsendt oppsett for internett. Skru mobilen av og på etter at oppsettet har blitt lastet ned. Manuelle oppsett finn du på telenor.no

Funksjonen OneNumber gjev fast samtidig ringing på ditt mobil- og Skypenummer. OneNumber må nybestillast hos Telenor, send bestilling til malvin.osvoll@sysikt.no.

«Ring Samtidig» i Skype for business gjev liknande funksjon som OneNumber. Brukarar med OneNumber må IKKJE aktivisere Ring Samtidig i Skype. Inngåande anrop vil då bli avvist.

Eit MBN-Hovudnummer kan vidarekoblast til eksterne telefonar slik.

Viderekobling av hovudnummer

  • Ring 91501012 

  • Tast "hovudnummeret# 

  • Tast pinkode 6464#

  • Tast 1 (endre konverteringsnummer)

  • Tast inn nummer det skal vidarekoblast til. Avslutt med #

  • Stadfest med å taste #

  • Du får lest opp at «Konverteringsnummeret har blitt endret». 

  • Vent eitt minutt

  • Test løsningen med å ringe hovudnummeret

Nyare smarttelefonar støttar som regel tale over 4G, også kalt VoLTE. Dette gjev betre innandørsdekning og betre talekvalitet. Alle SIM-korta levert i samband med porteringa støttar 4G. For å aktivere 4G-tale:

  • iPhone:

  • Innstillinger > Mobilnett > Mobildatavalg > Aktiver 4G > Aktiver Tale og data

  • Andriod:

  • Innstillinger > Tilkoblinger > Mobilnett > Aktiver 4G-anrop

Phonero nyttar Telia (tidleare NetCom) sitt mobilnett. Ved overgang til Telenor vil dei fleste få betre dekning, men i enkelte områder kan ein oppleve dårlegare dekning. Dårleg eller manglande dekning må rapporterast til kommunen. Kommunen må rapportere dette vidare til Telenor.

Kommunen er tilknytta Mobilt Bedriftsnett (MBN). Dette er ei teneste som gjev mobilbrukarar:

  • moglegheit til å betjene sentralbord

  • bedriftskatalog med status for andre tilsette

  • automatisk nummeroppslag via 1881

  • og andre funksjonar.

For meir  info syner vi til brukarveilledninga «MBN – Kom i gang».

NB!

Vi må få melding om mobilnummer som IKKJE skal meldast inn i Mobilt Bedriftsnett (MBN)

Enkelte mobilnummer blir vidarekobla ved hjelp av «gamaldagse» vidarekoblingskodar. (t.d. *21*). Desse kodane vil ikkje fungere for nummer som er medlem i MBN.

Meld til malvin.osvoll@sysikt.no.

 

Mobilt Bedriftsnett APP - Sentralbord i lomma

Last ned Mobilt Bedriftsnett APP. Send SMS med kodeord MB til 1999.

Følg deretter nedlastingslink til Google Play (Android) eller Appstore (iPhone).

Etter at appen er installert gjer du følgande for innlogging:

  • Skru av WiFi på telefonen

  • Start appen

  • Du blir no automatisk logga inn (ID via SIM)

  • Reaktiver WiFi 

Alternativt kan du logge inn med samme brukarnavn og passord som «Mitt Telenor». 

Mobilt Bedriftsnett - Sentralbord Avansert

Gå til nettsida https://mb.telenor.no/mobiltsentralbordavansert, logg deg på med brukarnamn og passord

Brukarnamnet er telefonnummeret ditt, passord får du slik:  Send sms  "Passord"  etterfulgt av ønska passord. Send til 1999.

Ved bruk av Sentralbord Avansert svarer du innkommande anrop på vanleg måte på PC-Skype, Skype-apparat eller mobiltelefon.

Handtering/oversetting av samtaler skjer på sentralbordet på PC-skjermen. Sjå enkle tips på sida sysikt.com/tnm-msb-hovudside (passord sys)

Ferien nærmar seg. Spørsmål om utlandsprisar på mobil har begynt å komme.

Dei som har portert til Telenor kan finne nøyaktige prisar her:

https://www.telenor.no/privat/mobil/utlandet/

Dersom du nyttar privat POP-epost på telefonen kan det vere nødvendig å endre innstilling for utgåande server til følgande; smtp.online.no.
Epost via Exchange og Gmail vil normalt ikkje bli berørt av operatørbytte, då dette følger eige oppsett.

Tilsette som har private Phoneroabonnement kan fortsatt ha desse ut 2019. 

Det kan ikkje teiknast nye Phoneroabonnement, men eksisterande abonnement kan endrast.

I tillegg til 4G-tale, støttar også nyare smarttelefonar ofte WiFi-tale. Då kan ein bruke lokalt trådlaust nett til ut- og innkommande anrop. Dette er ein nyttig funksjon innandørs, i rom utan mobildekning men med WiFi tilgjengeleg. Dersom mobilnettet går ned vil samtalar framleis fungere med WiFi-tale.
For å aktivere Wifi-tale:

  • iPhone:

  • Innstillinger > Mobilnett > Wi-Fi-anrop > Aktiver

  • Andriod:

  • Innstillinger > Tilkoblinger > WiFi-anrop > Aktiver

Faktura blir sendt ut kvar månad eller kvar 3. månad, alt etter kva kommunen og/eller avdelingane ynskje. Faktura blir mottatt ein av dei første dagane i månaden, med 30 dagars betalingsfrist.  Faste kostnader blir fakturert forskotsvis, variable kostnader blir fakturert i etterkant.