I løpet av mai og byrjinga av juni i år skal kommunane i Sogn og Fjordane byte teleoperatør frå Phonero til Telenor.

På denne sida finn generell veiledning, samt «tips og triks» som kan vere nyttige.

 

Simkort må bytast. Kommunen får tilsendt nye Telenor-simkort. Kvar enkelt avdeling har ansvar for å hente sine simkort, og kvar enkelt mobilbrukar har ansvar for å byte simkort til rett tid. Kvar enkelt simkort er merka med dato og klokkeslett for simkortbyte.

 

Phonero nyttar Telia (tidleare NetCom) sitt mobilnett. Ved overgang til Telenor vil dei fleste få betre dekning, men i enkelte områder kan ein oppleve dårlegare dekning.

Dårleg eller manglande dekning må rapporterast til kommunen. Kommunen må rapportere dette vidare til Telenor.

 

Kommunen er tilknytta Mobilt Bedriftsnett (MBN). Dette er ei teneste som gjev mobilbrukarar:

- moglegheit til å betjene sentralbord

- bedriftskatalog med status for andre tilsette

- automatisk nummeroppslag via 1881

- og andre funksjonar.

For meir  info syner vi til brukarveilledninga
«
MBN – Kom i gang».

 

Last ned Mobilt Bedriftsnett APP.
Send SMS med kodeord MB til 1999.

Følg deretter nedlastingslink til Google Play (Android) eller Appstore (iPhone).

Etter at appen er installert gjer du følgande for innlogging:
- Skru av WiFi på telefonen

- Start appen

- Du blir no automatisk logga inn (ID via SIM)

- Reaktiver WiFi 
Alternativt kan du logge inn med samme brukarnavn og passord som «Mitt Telenor». 

NB!

Vi må få melding om mobilnummer som IKKJE skal meldast inn i Mobilt Bedriftsnett (MBN)

Enkelte mobilnummer blir vidarekobla ved hjelp av «gamaldagse» vidarekoblingskodar. (t.d. *21*)
Desse kodane vil ikkje fungere for nummer som er medlem i MBN.

Meld til malvin.osvoll@sysikt.no.

 

Nyare smarttelefonar støttar som regel tale over 4G, også kalt VoLTE.
Dette gjev betre innandørsdekning og betre talekvalitet. Alle SIM-korta levert i samband med porteringa støttar 4G.


For å aktivere 4G-tale;

iPhone:

Innstillinger > Mobilnett > Mobildatavalg > Aktiver 4G > Aktiver Tale og data
Andriod:

Innstillinger > Tilkoblinger > Mobilnett > Aktiver 4G-anrop

 

I tillegg til 4G-tale, støttar også nyare smarttelefonar ofte WiFi-tale. Då kan ein bruke lokalt trådlaust nett til ut- og innkommande anrop. Dette er ein nyttig funksjon innandørs, i rom utan mobildekning men med WiFi tilgjengeleg. Dersom mobilnettet går ned vil samtalar framleis fungere med WiFi-tale.
 

For å aktivere Wifi-tale;

iPhone:

Innstillinger > Mobilnett > Wi-Fi-anrop > Aktiver
Andriod:

Innstillinger > Tilkoblinger > WiFi-anrop > Aktiver

 

Funksjonen OneNumber gjev fast samtidig ringing på ditt mobil- og Skypenummer.

OneNumber må nybestillast hos Telenor,

send bestilling til malvin.osvoll@sysikt.no.

 

«Ring Samtidig» i Skype for business gjev liknande funksjon som OneNumber. Brukarar med OneNumber må IKKJE aktivisere Ring Samtidig i Skype. Inngåande anrop vil då bli avvist.

 

Bank-ID på mobil følger SIM-kort. Derfor må denne tenesta reaktiverast ved byte av operatør. Dette kan ein ofte gjennomføre sjølv i nettbanken. Ta eventuelt kontakt med banken du nyttar for hjelp av oppsett. 

 

Tryggingsalarmar vil bli portert som eit eige prosjekt seinare. Melding om dette vil komme.

 

Problem med mottak av MMS og mobildata

Send SMS med kodeord Fiks mms til 1999 for å få tilsendt oppsett for MMS.

Skru mobilen av og på etter at oppsettet har blitt lastet ned.

Send SMS med kodeord Fiks internett til 1999 for å få tilsendt oppsett for internett.

Skru mobilen av og på etter at oppsettet har blitt lastet ned.

Manuelle oppsett finn du på telenor.no

 

Nytt simkort vil medføre ny PIN-kode.

Du kan endre PIN-kode til ein kode du ynskje.

Tast som om du skal ringe ut:

**04*pinkode*NY-pinkode*Ny-pinkode#

 

Mobit Førde arrangerer webinar for opplæring i Mobilt Bedriftsnett.

24.05.19, kl 09:00

   – Del 1: Mobilt Bedriftsnett App. 

      (Sjå opptak)

24.05.19, kl 10:00

   – Del 2: Mobilt Sentralbord Avansert (PC)

      (Sjå opptak)

 

07.06. 19, kl 09:00

   – Del 1: Mobilt Bedriftsnett App.

07.06.19,  kl 10:00

   – Del 2: Mobilt Sentralbord Avansert (PC)

Brukarveiledning og videodemonstrasjonar

Brukarveiledning:

   - Mobilt Sentralbord App - Kom i gang

   - Mobilt Sentralbord Avansert (PC)

Video:

ITKOM/Mobit-Førde har utforma videorettleiing.

Videorettleiingane er tilgjeneleg på YouTube.

   - Mobilt Bedriftsnett App

     (Sjå https://youtu.be/oOHxyA6AnDo)

     (Sjå https://youtu.be/Bih_rV4QLSE)

   - Video - Mobilt Sentralbord

     (Sjå https://youtu.be/rMdSacTVtPs)

Dersom du nyttar privat POP-epost på telefonen kan det vere nødvendig å endre innstilling for utgåande server til følgande; smtp.online.no.
Epost via Exchange og Gmail vil normalt ikkje bli berørt av operatørbytte, då dette følger eige oppsett.

 

Tilsette som har private Phoneroabonnement kan fortsatt ha desse ut 2019. 

Det kan ikkje teiknast nye Phoneroabonnement, men eksisterande abonnement kan endrast.