
Mobilt Sentralbord Avansert - Pause:
Ein sentralbordoperatør kan logge seg av ei kort periode ved å klikke på "Pause". Då vil det stå "Pause" med store bokstavar i feltet "Innkommende".
I "Status"-feltet vil alle køgrupper få grå farge med svart skrift. Operatøren har då inaktiv status i desse køgruppene.
Pause frå ei køgruppe:
Ved trykk på Pause-ikonet blir du inaktiv i alle grupper, men av og til er det ynskje om å logge seg av kun ei køgruppe.
Du kan logge deg av ei og ei køgruppe ved å trykke på "pil ned" til høgre for køgruppenamnet.


