Virtuelt møterom - Forklaring

Med videomøter kan du delta i ansikt-til-ansikt-møter frå eige kontor. Møter kan utførast ein-til-ein eller gruppe-til-gruppe. Resultat: Mindre reising, spart tid og lågare kostnad.

I dag finnast det fleire ulike system for videomøter. Eksempelvis Skype for Business, Teams, Cisco og Tanberg. Felles for desse systema er at det er KUN like system kan snakkast saman direkte.

Eit virtuelt møterom (her kalla VMR) er enkelt forklart ein internettstad som fungerer som ei tolketeneste mellom ulike videosystem. Alle kan snakke med alle, uavhengig av videosysterm.

Nettbasert VMR er også opent for deltakarar som ikkje har noko system for videomøter i sin PC.

SySIKT-kommunane sine VMR er opne for deltakarar med mobiltelefon eller fasttelefon.

Dette kan vere eit alternativ for dei som er på reise og ikkje kan delta via PC.

Nettbasert VMR medfører IKKJE installasjon av programvare i PC, men datamaskina må ha nettlesaren Google Chrome. 

Les om utstyrskrav 

Virituelt_møterom_1_til_1.JPG

Videomøter ein-til-ein eller gruppe-til-gruppe.

Virituelt_møterom_gruppe.JPG