WiFi-Tale
WiFi-tale er ein god funksjon for deg som har dårleg, eller ingen mobildekning.
Med WiFi-tale blir mobilsamtalar og SMS blir overført via trådlaust nett i staden for via mobilnettet. Du ringer på vanleg måte, du treng ingen APP.
Trafikk blir trekt frå inkludert abonnementpakke. Ordinære prisar gjeld innanlands.
WiFi-tale er ikkje avhengig av kva teleoperatør du har, men du må ha ein mobiltelefon som har denne funksjonen.
Funksjonen må aktiviserast i telefonens meny.
Veksling mellom trådlaust nett og mobilnettet går automatisk.
Enkelte teleoperatører vil sende ut ein verifiserings-SMS ved førstegangs påkobling.
WiFi-tale kan ikkje brukast i utlandet
WiFi-tale kan ikkje brukast med kontaktkort-abonnement.